Eg heite Mari Slåtto, 22 år frå Hol og driver med hundekøyring nordisk stil og barmark. Eg studerer bachelor i agronomi på Blæstad (Hamar) og er ferdig til våren 2023.

Når begynte du med hundekøyring?
Eg byrja å konkurrere i hundekøyring i 2018, men har gått på ski heile livet. Før eg byrja å konkurrere gjekk eg ofte skiturar med familiens border collier, før eg skaffa meg min eigen greyster (vorsteh-blanding avla for hundekøyring) i 2018.

Hva liker du best med hundekøyring?
Det eg lika best med hundekøyring er samarbeidet og samspelet mellom meg og hundane. Dette er svært viktig i denne idretten. Det hjelper ikkje å ha ein kjempegod hund om eg ikkje er i form, og heller ikkje at eg er i bra form om hunden ikkje er på topp.

Hvor mye trener du i uka?
Treningsmengda varierer veldig gjennom året. Men tidleg på hausten før barmarkssesongen og før vintersesongen blir det mest trening. På det meste trenar eg hundane fem dagar i veka. Eg har to hundar og trener dei ofte kvar for seg, slik at det kan bli to hundeøkter om dagen. I tillegg til dette må eg trene meg sjølv. Hundane er førstepri og i ein travel studiekvardag må eg nedprioritere meg sjølv, men eg prøver å få trent 3-4 dagar i veka i tillegg til hundetreninga. På sommaren når det er for varmt for hundetrening kan eg prioritere meg sjølv meir, så da blir det meir eigentrening.

Hva er du mest stolt over å ha fått til?
Eg er mest stolt over 3. plassen i NM barmark i haust. Eg deltok i sparkesykkel 1spann med unghunden min. Det var hans første barmarkssesong der han var gammal nok til å delta, så at det endte med medalje i NM var veldig stort.

Hva drømmer du om å oppnå?
Eg drømmer om å delta i eit internasjonalt meisterskap, både i barmark og på ski. Pallplassen min i NM gjorde at eg kvalifiserte meg til EM i Tyskland, men eg kunne dessverre ikkje reise. Men neste år er det VM, så det blir det store målet. I tillegg er det VM nå til vinteren, men det er mange gode skiløparar så målet er å vere enda nærmare toppen enn i fjor. Også blir målet å nå toppen til VM på heimebane vinteren 2025.